Livar Bergheim • over 7 years ago
Forum for offentlege data i Norge
Om du er interessert i offentlege data, og særleg opne data, er du velkomen til å bli med i ein eigen Slack — offdata.slack.com.
På Slack'en er det 160+ personar som både jobbar med å gjere tilgjengelege datasett i det offentlege, datajournalistar, hobbyutviklarar, proffe utviklarar og andre interesserte.
Her kan ein spørre om råd ("kvar finn eg datasett X?") og få med seg kva som skjer på området med offentlege data. For spørsmål undervegs på Hack4no bør du naturlegvis spørre ekspertteam, folk på stand o.l.
Foreløpig må du bli invitert inn på Slack'en av nokon som allereie er medlem. Vi skal etter kvart ordne ei side der du kan invitere deg sjølv. Finn meg her på Hack4no eller send meg ein e-post på livar.bergheim@gmail.com om du vil ha ein invitasjon :)
Comments are closed.

0 comments